Del saken på Nettby Nordborg - Fjørtoft
Greit resultat på Ravn Stadion.

Av Odd Øyvind Fjørtoft

På grunn av stor arbeismasse for referenten denne veka kjem referatet veldig seint.

Som nesten alle fekk med seg gjekk denne kampen på Ravn Stadion.

Fjørtoft starta litt famlande, mulig fordi at nokken hadde lagt ned mykje energi før i helga,
men vi stillte eit av dei betre laga denne sesongen.
Iallefall etter at både Lars, Ivar og Ole Kristian etterkvart fann fram til riktig bane.
Derfor kom det ikkje som eit sjokk når Ravn gjekk opp til 1-0 midt i omgangen etter eit stort press fra starten av.
Etter dette fekk fann også Fjørtoft ut at Ravn sitt kunstgrasdekke eigentleg er ok å spele på, og etter den tredje innøvde cornervarianten på rad, stupsparka Vebjørn inn utlikningsmålet.

Derifrå og til pause hadde Fjørtoft et visst overtak, og hadde nokre store muligheite som burde blitt omsatt til mål, deriblant burde Odd Øyvind ha scora da han var aleine med keeper, men han har tydeligvis ikkje skjønt at ein ikkje får stilpoeng i fotball, dette kan vel også seiast om Vebjørn sitt relativt tafatte Christiano Ronaldo hælspark tre meter fra mål.

Men 1-1 var vel eit greit resultat alt i alt til pause.

Etter ein mild pep-talk i pausa var vi gira på å at dette kunne vere ein kamp der vi kunne ta alle poenga med oss heim til Fjørtoftfa(?). Men fekk oss ein skikkeleg kalddusj, da nokon mista ballen litt for lett på midtbana, og Ravn spelarane lett kunne kontre inn eit lettkjøpt mål.

Dette førte til at litt av lufta til Fjørtoftspelarane gjekk litt ut, og Ravn hadde fleire sjansar til å kunne auka leiinga med både eit og to mål. Men ein god Henning i mål, og nokre panikkavklaringar frå litt svimle forsvarsspelara rei vi av stormen.

Det virka som det tok litt tid for oss å komme igang i begge omgangane i denne kampen. Men etter kanskje sesongens finaste angrep, regisert av Vebjørn og Andre, der vi rulla ut Nordborgforsvaret kunne Odd Øyvind sette ballen greit i mål etter å ha lært av stjernenykkane frå første omgang.

Dette målet tente FTIL, og la eit visst press på Nordborg, og det var vel fortjent at vi gjekk opp i ei 3-2 leiing etter eit herlig landskudd i godt varemerke fra Andre.

Så var det det med kondisen da.. Eit vanleg problem frå Fjørtoft si side, og sjølv nokre herlige sklitaklingar frå Egil, og desperate rop frå Andre var ikkje nok til å hindre at Nordborg utlikna etter eit flott skudd frå ein rutinert Nordborgspelar.

Men fleire mål klarte ikkje Nordborg å score, og vi kunne lett ha vunne denne kampen heilt på slutten da eit strømpeskot frå Andre førte til klabb å babb innanfor 7 meteren til Nordborg, og Vebjørn kunne lett ha fått straffe då han nesten vart beinhogd av ein Nordborgspelar på overtid.

Men eg trur vi skal seie at 3-3 er eit greit resultat, og satse på at vi held same stimen og klare 3 poeng neste kamp mot Ørskog.
3 kommentarer:
Egil (10.09.2009 20:59)
Såg ikkje den ej..\"og Ravn spelarane lett kunne kontre inn eit lettkjøpt mål.\" Det e forvirrande når ein he spelt kamp mot norborg på ravn bana..

glis
Svenn-Even (10.09.2009 20:50)
Flott! Noko nytt at ein speler mot to forskjellige lag i ein og samme kamp?standard Hehe..
Egil (10.09.2009 19:58)
Bra referat oddis! kongen
Kommentér artikkel


    bilde bilde bilde bilde bilde bilde bilde bilde bilde
f
Innlogging
Brukernavn:
Passord:
© 2010 - ftil.net   -   Kontakt oss   -   RSS