|
Fjørtoft opna sesongen med stortap mot Aksla på Rattvika stadion i går kveld.
Av Egil Andreas Davik Fjørtoft opna i går sesongen mot Aksla på Rattvika stadion. I 1. Omgang verka det som om dei ikkje hadde våkna etter vinterdvalen. Posisjoneringsproblem og usikkert pasningsspel gjorde at Aksla kom seg lett gjennom forsvaret. I andre enden var spesielt Andre Fjørtoft i høgget på fleire kontringar og var ikkje langt i frå scoring, men det blei med eitt mål for Fjørtoftingane før pause. I andre omgang løfta dei seg fleire hakk offensivt. Fjørtoft heldt ballen meir i laget og spelte til tider god fotball. Men framfor mål var gjestane langt frå sitt beste. Resultatet vart diverre ikkje slik som sjansane skulle tilseie. Skot i tverrliggaren og fleire stolpeskot. Mål-marginane var ikkje på bortelaget si side. Frustrasjonen var til å ta og føle på. Dette utnytta Aksla og fortsette med å gjere det enkelt i andre enden av bana. Det heile enda 10-3. Fjørtoft må nok konsentrere seg hovudsakleg om å klare og stenge igjen dei store opningane bake. Det må vere meir struktur over spelet til laget. I 2. Omgang var der mykje positivt å ta med vidare når det gjeld spelet framover, men avslutningane må terpast på. Aksla var best i dette oppgjeret, men Fjørtoft skulle iallefall hatt ei 4- 5 mål meir. Mål: Andrè 2 mål, 1 sjølmål, Stjerner : Andrè 3 Svenn 2 vebjørn 1 1 kommentar: Roger and Dave (04.05.2009 11:24) Jaja, køyr på seinare. Svenn E bli en important brick in the wall.
|
27.04.2009
Aksla - Fjørtoft TIL 10-3 Benytta spelera: Kristoffer Nils Fjørtoft Lars Ove Sønderland Vebjørn Fjørtoft Håvard Silseth André Fjørtoft Egil Andreas Davik Henning Otterlei Magnus Bringsvor Svenn-Even Otterlei Terje Gangstø Mål: André Fjørtoft ![]() ![]() Stjerner: André Fjørtoft ![]() ![]() ![]() Svenn-Even Otterlei ![]() ![]() Vebjørn Fjørtoft ![]() Siste nytt
finale (03.07) uavgort motto harøy (03.07) Øyacup 2010 (26.06) Showkamp! (14.05) Nytt styre i FTIL (16.04) Rekefest! (20.03) Ikkje trening i dag torsdag 18/3 (18.03) Husk trening 17:30 torsdag. (03.02) Innlogging
|